18 Sjammua for Bilga-ætta, Jonatan for Sjemaja-ætta,
19 Mattenai for Jojarib-ætta, Ussi for Jedaja-ætta,
20 Kallai for Sallai-ætta, Eber for Amok-ætta,
21 Hasjabja for Hilkia-ætta og Netanel for Jedaja-ætta.
22 Leiarane for presteættene vart oppskrivne i Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid, heilt til styringstida åt persarkongen Dareios.
23 Leiarane for levittættene vart oppskrivne i krønikeboka fram til den tid Johanan Eljasjibsson levde.
24 Leiarane for levittane var: Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel og brørne deira som stod midt imot dei, kor mot kor, og song Guds lov og pris, så som føreskrive var av gudsmannen David.