20 Kallai for Sallai-ætta, Eber for Amok-ætta,
21 Hasjabja for Hilkia-ætta og Netanel for Jedaja-ætta.
22 Leiarane for presteættene vart oppskrivne i Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid, heilt til styringstida åt persarkongen Dareios.
23 Leiarane for levittættene vart oppskrivne i krønikeboka fram til den tid Johanan Eljasjibsson levde.
24 Leiarane for levittane var: Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel og brørne deira som stod midt imot dei, kor mot kor, og song Guds lov og pris, så som føreskrive var av gudsmannen David.
25 Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub heldt vakt over lagerroma i portane.
26 Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.