25 Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub heldt vakt over lagerroma i portane.
26 Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.
27 Då muren kring Jerusalem skulle vigslast, henta dei levittane frå alle bustadene deira og førte dei til Jerusalem. Der skulle dei halda vigsle og gledehøgtid med lovprising og song, til klangen av cymblar, harper og lyrer.
28 Så samla songarane seg i Jerusalem. Dei kom frå området kring byen, frå landsbyane åt Netofa-sønene,
29 frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet. For songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem.
30 Då prestane og levittane hadde reinsa seg sjølve og så hadde reinsa folket, portane og muren,
31 lét eg stormennene i Judea stiga opp på muren. Så stelte eg opp to store lovsongskor. Det eine gjekk til høgre nedover muren mot Oskeporten.