35 Så kom nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf,
36 og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda og Hanani. Dei bar dei musikkinstrumenta som gudsmannen David hadde fastsett, og Esra, den skriftlærde, gjekk føre dei.
37 Dei gjekk framom Kjeldeporten og opp troppene til Davids-byen. Så gjekk dei ned den troppa som fører til muren attmed Davids hus, og fram til Vassporten i aust.
38 Det andre koret gjekk til venstre, og eg fylgde etter med den andre halvparten av folket. Vi gjekk oppe på muren, framom Omnstårnet, bort til Den breie muren,
39 så over Efraims-porten, Gamleporten og Fiskeporten, framom Hananel-tårnet og Mea-tårnet, til Saueporten, og vart ståande ved Fengselsporten.
40 Så stelte dei to kora seg opp attmed Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av forstandarane med meg,
41 og prestane Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetane sine,