40 Så stelte dei to kora seg opp attmed Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av forstandarane med meg,
41 og prestane Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetane sine,
42 og så Ma’aseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Og songarane røysta i; det var Jisrakja som styrte songen.
43 Den dagen bar dei fram store offer, og dei gledde seg; for Gud hadde gjort dei storleg glade. Kvinnene og borna gledde seg òg, og jubelropa i Jerusalem høyrdest langan lei.
44 Same dagen vart det sett inn menn som skulle ha tilsyn med lagerroma for dei heilage gåvene, fyrstegrøda og all tienda. Der skulle dei samla det som kom inn frå bymarkene, og som prestane og levittane hadde rett til etter lova. Gleda i Judea var stor fordi prestane og levittane atter gjorde teneste i heilagdomen.
45 Dei tok seg av tenesta for sin Gud og stod for reinsinga. Like eins gjorde songarane og portvaktarane si gjerning, som føreskrive var av David og Salomo, son hans.
46 Alt i gamle dagar, i Davids tid, vart Asaf leiar for songarane og hadde ansvaret for lov- og takkesongen til Gud.