44 Same dagen vart det sett inn menn som skulle ha tilsyn med lagerroma for dei heilage gåvene, fyrstegrøda og all tienda. Der skulle dei samla det som kom inn frå bymarkene, og som prestane og levittane hadde rett til etter lova. Gleda i Judea var stor fordi prestane og levittane atter gjorde teneste i heilagdomen.
45 Dei tok seg av tenesta for sin Gud og stod for reinsinga. Like eins gjorde songarane og portvaktarane si gjerning, som føreskrive var av David og Salomo, son hans.
46 Alt i gamle dagar, i Davids tid, vart Asaf leiar for songarane og hadde ansvaret for lov- og takkesongen til Gud.
47 Og i Serubabels og Nehemjas dagar gav alle israelittane songarane og portvaktarane det dei trong kvar dag. Folket kom til levittane med heilage gåver, og levittane kom til Arons-sønene med det dei skulle ha.