1 Ein dag i nisan månad, i det tjuande året Artaxerxes var konge, vart det sett fram vin for kongen, og eg tok og rette han vinen. Eg hadde aldri før sett sturen ut når eg stod framfor kongen.
2 Då sa han til meg: «Kvifor er du så sturen? Du er då ikkje sjuk. Dette kan ikkje vera anna enn hjartesut.» Då vart eg svært redd
3 og sa til kongen: «Gjev kongen må leva evig! Lyt eg ikkje vera sturen når den byen der fedrane mine er gravlagde, ligg i røys, og portane er brende?»
4 Kongen spurde: «Kva er det du ynskjer?» Då bad eg til Gud i himmelen,
5 og eg sa til kongen: «Om kongen så synest, og du har godvilje for tenaren din, så lat meg få fara til Judea, til den byen der fedrane mine er gravlagde, så eg kan byggja han opp att.»
6 Då spurde kongen meg, medan dronninga sat attmed han, kor lenge ferda ville vara, og når eg kom att. Eg nemnde ei viss tid, og kongen tykte vel om dette og gav meg lov til å fara.
7 Så sa eg til kongen: «Om kongen går med på det, så lat meg få med brev til statthaldarane vestanfor Eufrat, så dei lèt meg fara gjennom landa sine til Judea.