17 Men no sa eg til dei: «De ser sjølve kor ille det står til med oss. Jerusalem ligg i røys, og portane er brende. Kom, lat oss byggja opp att muren kring Jerusalem, så vi ikkje lenger skal vera til spott og spe.»
18 Og eg fortalde dei korleis min Gud hadde halde si gode hand over meg, og kva kongen hadde sagt til meg. Då sa dei: «Vi vil gå i gang og byggja!» Og dei tok fatt på det gode verket med full kraft.
19 Men då Sanballat frå Bet-Horon, Tobia, tenestemannen frå Ammon, og Gesjem frå Arabia fekk høyra det, spotta og vanvørde dei oss. Dei sa: «Kva er det de gjer? Vil de gjera opprør mot kongen?»
20 Då svara eg: «Gud i himmelen, han vil la det lukkast for oss, og vi som tener han, vil gå i gang og byggja. Men de har ingen del og ingen rett i Jerusalem, og de skal ikkje få noko ettermæle der.»