8 Eg bed òg om brev til Asaf, han som har tilsyn med skogane åt kongen, at han gjev meg tømmer til bjelkar i portane som fører inn til tempelborga, til bymuren og til det huset eg skal bu i.» Og kongen gav meg det. For min Gud heldt si gode hand over meg.
9 Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.
10 Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane.
11 Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar.
12 Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.
13 Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende.
14 Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.