9 Så kom eg til statthaldarane vestanfor elva og gav dei breva frå kongen. Han hadde òg sendt hærførarar og hestfolk med meg.
10 Men då Sanballat frå Bet-Horon og Tobia, tenestemannen frå Ammon, fekk høyra dette, vart dei arge. Dei tykte det var harmeleg at det hadde kome ein mann som ville stella det godt for israelittane.
11 Då eg kom til Jerusalem, heldt eg meg i ro i tre dagar.
12 Men så stod eg opp om natta og tok med meg nokre få menn. Eg hadde ikkje nemnt for eit menneske kva Gud hadde gjeve meg hug til å gjera for Jerusalem. Eg tok heller ikkje med meg andre dyr enn det eg reid på.
13 Midt på natta drog eg ut gjennom Dalporten, framom Drakekjelda og til Oskeporten. Eg såg på Jerusalems murar som var nedrivne, og på portane som var brende.
14 Så reid eg over til Kjeldeporten og til Kongedammen. Men der var det ikkje råd for dyret å koma fram med meg.
15 Same natta fór eg opp gjennom dalen og såg på muren, men snudde så om og kom attende gjennom Dalporten.