1 Eljasjib, øvstepresten, og brørne hans, prestane, gjekk no i gang og bygde Saueporten. Dei vigde han og sette inn dørene. Så heldt dei fram til Mea-tårnet og Hananel-tårnet, som dei òg vigde.
2 Jamsides med dei arbeidde mennene frå Jeriko og attmed dei Sakkur, son til Imri.
3 Fiskeporten vart bygd av mennene frå Sena’a. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå.
4 Jamsides med dei arbeidde Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, attmed han Mesjullam, son til Berekja og soneson til Mesjesabel, og så Sadok, son til Ba’ana.
5 Jamsides med dei arbeidde folket frå Tekoa; men stormennene deira bøygde ikkje nakken under arbeidet for herren sin.
6 Jojada, son til Paseak, og Mesjullam, son til Besodja, vølte Gamleporten. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå.