15 Kjeldeporten vart vølt av Sjallun, son til Kol-Hose, hovdingen over Mispa-området. Han bygde opp att porten, la tak på han og sette inn dører med lås og slå. Han vølte òg muren frammed Sjelah-dammen ved kongshagen heilt bort til den troppa som går ned frå Davids-byen.
16 Bortanfor han arbeidde Nehemja, son til Asbuk, hovdingen over den eine halvparten av Bet-Sur-området. Han vølte muren ned til Davids-gravene, til den gravne dammen og til krigarhuset.
17 Lenger borte arbeidde levittane: Rehum, son til Bani, og attmed han Hasjabja, som stod for den halvparten av Ke’ila som han var hovding over.
18 Bortanfor dei arbeidde brørne deira: Bavvai, son til Henadad, hovdingen over den andre halvparten av Ke’ila-området,
19 og attmed han vølte Eser, son til Jesjua, hovdingen over Mispa, eit anna stykke, frå midt for oppgangen til våpenhuset i Kroken.
20 Etter han kom Baruk, son til Sakkai, som med stor iver vølte eit anna stykke, frå Kroken og til døra på huset åt øvstepresten Eljasjib.
21 Etter han kom Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, som vølte eit anna stykke, frå døra på huset åt Eljasjib og til enden av huset hans.