21 Etter han kom Meremot, son til Uria og soneson til Hakkos, som vølte eit anna stykke, frå døra på huset åt Eljasjib og til enden av huset hans.
22 Lenger borte arbeidde dei prestane som budde nær Jerusalem.
23 Etter dei kom Benjamin og Hasjub, som arbeidde midt for sitt eige hus. Så kom Asarja, son til Ma’aseja og soneson til Ananja, som arbeidde frammed sitt hus.
24 Etter han kom Binnui, son til Henadad, som vølte eit anna stykke, frå huset åt Asarja til Kroken og Hjørnet.
25 Palal, son til Usai, arbeidde midt for Kroken og det tårnet som skyt fram frå den øvre delen av slottet ved vaktgarden. Etter han kom Pedaja, son til Parosj.
26 Tempeltenarane som budde på Ofel, vølte muren til midt for Vassporten i aust og det framskotne tårnet.
27 Så kom mennene frå Tekoa, som vølte eit anna stykke, frå det store og framskotne tårnet og til Ofel-muren.