29 Etter dei kom Sadok, son til Immer, som arbeidde midt for sitt hus, og etter han Sjemaja, son til Sjekanja, som hadde vakthaldet ved Austporten.
30 Etter han kom Hananja, son til Sjelemja, og Hanun, sjette sonen til Salaf, som vølte eit anna stykke, og så Mesjullam, son til Berekja, som arbeidde midt for romet sitt.
31 Etter han kom Malkia, ein av gullsmedane, som vølte muren fram til huset åt tempeltenarane og kjøpmennene, midt for Mønstringsporten, og vidare til Hjørnesalen.
32 Mellom Hjørnesalen og Saueporten arbeidde gullsmedane og kjøpmennene.