6 Jojada, son til Paseak, og Mesjullam, son til Besodja, vølte Gamleporten. Dei tømra han opp og sette inn dører med lås og slå.
7 Jamsides med dei arbeidde Melatja frå Gibeon, Jadon frå Meronot og mennene frå Gibeon og Mispa, som høyrde inn under statthaldaren vestanfor Eufrat.
8 Jamsides med dei arbeidde gullsmeden Ussiel, son til Harhaja, og attmed han Hananja, ein av salveblandarane. Dei bygde opp att byen fram til Den breie muren.
9 Jamsides med dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var hovding over den eine halvparten av Jerusalems-området.
10 Attmed han, midt for sitt eige hus, arbeidde Jedaja, son til Harumaf, og så Hattusj, son til Hasjabneja.
11 Eit anna stykke av muren vart vølt av Malkia, son til Harim, og Hasjub, son til Pakat-Moab. Dessutan vølte dei Omnstårnet.
12 Jamsides med dei arbeidde Sjallum, son til Hallokesj, hovdingen over den andre halvparten av Jerusalems-området, og døtrene hans.