9 Jamsides med dei arbeidde Refaja, son til Hur. Han var hovding over den eine halvparten av Jerusalems-området.
10 Attmed han, midt for sitt eige hus, arbeidde Jedaja, son til Harumaf, og så Hattusj, son til Hasjabneja.
11 Eit anna stykke av muren vart vølt av Malkia, son til Harim, og Hasjub, son til Pakat-Moab. Dessutan vølte dei Omnstårnet.
12 Jamsides med dei arbeidde Sjallum, son til Hallokesj, hovdingen over den andre halvparten av Jerusalems-området, og døtrene hans.
13 Dalporten vart vølt av Hanun og Sanoah-buane. Dei bygde han opp att og sette inn dører med lås og slå. Dei vølte bymuren heilt ned til Oskeporten, eit stykke på tusen alner.
14 Oskeporten vart vølt av Malkia, son til Rekab, hovdingen over Bet-Hakkerem-området. Han bygde opp att porten og sette inn dører med lås og slå.
15 Kjeldeporten vart vølt av Sjallun, son til Kol-Hose, hovdingen over Mispa-området. Han bygde opp att porten, la tak på han og sette inn dører med lås og slå. Han vølte òg muren frammed Sjelah-dammen ved kongshagen heilt bort til den troppa som går ned frå Davids-byen.