1 Då Sanballat fekk høyra at vi bygde på muren, vart han arg og sint. Han spotta jødane
2 og sa til frendane sine og til stridsmennene i Samaria: «Kva er det desse usle jødane driv på med? Skal dei få byggja opp att muren? Skal dei få ofra og fullføra verket i dag? Tru dei vil blåsa liv i steinane frå grushaugane på branntufta?»
3 Ammonitten Tobia, som stod attmed han, sa: «Lat dei byggja så mykje dei vil! Berre ein rev hoppar oppå, riv han ned steinmuren deira!»
4 «Høyr, vår Gud, korleis vi vert spotta! Lat spotten koma attende på dei sjølve! Lag det så at dei vert røva og førte fanga til framandt land!
5 Løyn ikkje skulda deira, og lat ikkje synda deira verta utstroken for ditt åsyn! For dei har krenkt deg med si framferd mot bygningsmennene.»