15 Då fiendane våre fekk høyra at vi visste kva dei emna på, og Gud såleis hadde hindra dei i å setja planane i verk, vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid.
16 Frå den dagen arbeidde berre halvparten av dei unge mennene mine på muren, medan den andre halvparten stod der med spyd og skjold og bogar og med brynjer. Hovdingane stod bak heile Juda-folket,
17 som bygde på muren. Og berarane arbeidde med den eine handa, og med den andre heldt dei våpenet.
18 Kvar murar arbeidde med sverd ved lend. Og hornblåsaren stod attmed meg.
19 Då sa eg til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidfemnande, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre.
20 Når de høyrer hornet ljomar, kvar de så er, skal de samla dykk kring oss, og vår Gud vil strida for oss.»
21 Så dreiv vi då på med arbeidet medan halvparten av folket stod der med spyda sine, frå morgonroden synte seg til stjernene kom fram.