17 som bygde på muren. Og berarane arbeidde med den eine handa, og med den andre heldt dei våpenet.
18 Kvar murar arbeidde med sverd ved lend. Og hornblåsaren stod attmed meg.
19 Då sa eg til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidfemnande, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre.
20 Når de høyrer hornet ljomar, kvar de så er, skal de samla dykk kring oss, og vår Gud vil strida for oss.»
21 Så dreiv vi då på med arbeidet medan halvparten av folket stod der med spyda sine, frå morgonroden synte seg til stjernene kom fram.
22 Samstundes sa eg til folket: «De lyt vera i Jerusalem om natta, både de og tenarane dykkar, så de kan halda vakt om natta og arbeida om dagen.»
23 Sjølve kom vi aldri ut or kleda, korkje eg eller frendane og tenarane mine eller vaktmennene som fylgde meg. Kvar mann hadde våpen i hand.