2 og sa til frendane sine og til stridsmennene i Samaria: «Kva er det desse usle jødane driv på med? Skal dei få byggja opp att muren? Skal dei få ofra og fullføra verket i dag? Tru dei vil blåsa liv i steinane frå grushaugane på branntufta?»
3 Ammonitten Tobia, som stod attmed han, sa: «Lat dei byggja så mykje dei vil! Berre ein rev hoppar oppå, riv han ned steinmuren deira!»
4 «Høyr, vår Gud, korleis vi vert spotta! Lat spotten koma attende på dei sjølve! Lag det så at dei vert røva og førte fanga til framandt land!
5 Løyn ikkje skulda deira, og lat ikkje synda deira verta utstroken for ditt åsyn! For dei har krenkt deg med si framferd mot bygningsmennene.»
6 Så bygde vi på muren og skøytte han i hop i halv høgd heilt rundt. Folket gjekk med godt mot til arbeidet.
7 Men då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og mennene frå Asjdod fekk høyra at arbeidet på murane kring Jerusalem skreid fram, og at rivnene tok til å fyllast, vart dei brennande harme.
8 Dei slo seg i hop alle som ein og svor på at dei ville fara opp og strida mot Jerusalem og skapa uro der.