6 Så bygde vi på muren og skøytte han i hop i halv høgd heilt rundt. Folket gjekk med godt mot til arbeidet.
7 Men då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og mennene frå Asjdod fekk høyra at arbeidet på murane kring Jerusalem skreid fram, og at rivnene tok til å fyllast, vart dei brennande harme.
8 Dei slo seg i hop alle som ein og svor på at dei ville fara opp og strida mot Jerusalem og skapa uro der.
9 Men vi bad til vår Gud og sette ut vaktpostar både dag og natt, så vi kunne halda dei borte.
10 Då sa folket i Judea: «Krafta sviktar hjå berarane; her er for mykje som ligg i røys. Vi orkar ikkje byggja på muren lenger.»
11 Og motstandarane våre sa: «Dei må ikkje sjå eller skjøna noko før vi står midt imellom dei og høgg dei ned og såleis gjer ende på arbeidet.»
12 Då kom dei jødane som budde tett attmed dei, gong på gong og sa: «Dei kjem imot oss frå alle stadene der dei bur.»