8 Dei slo seg i hop alle som ein og svor på at dei ville fara opp og strida mot Jerusalem og skapa uro der.
9 Men vi bad til vår Gud og sette ut vaktpostar både dag og natt, så vi kunne halda dei borte.
10 Då sa folket i Judea: «Krafta sviktar hjå berarane; her er for mykje som ligg i røys. Vi orkar ikkje byggja på muren lenger.»
11 Og motstandarane våre sa: «Dei må ikkje sjå eller skjøna noko før vi står midt imellom dei og høgg dei ned og såleis gjer ende på arbeidet.»
12 Då kom dei jødane som budde tett attmed dei, gong på gong og sa: «Dei kjem imot oss frå alle stadene der dei bur.»
13 Då lét eg folket stella seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei fylka seg ætt for ætt med sverd og spyd og bogar.
14 Då eg såg dei stå der, steig eg fram og sa til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og agelege, og strid for brør, søner og døtrer, koner og heimar!»