1 På den tid kom mange menn og konene deira med sterke klagemål mot landsmennene sine, dei andre jødane.
2 Somme sa: «Vi og sønene og døtrene våre er mange. Lat oss få korn, så vi har noko å eta og kan berga livet.»
3 Andre sa: «Markene og vingardane og husa våre har vi sett i pant, så vi kunne få korn og stilla svolten.»
4 Atter andre sa: «Vi har lånt pengar på markene og vingardane våre, så vi kunne betala skatten til kongen.
5 Vi er då av same kjøt og blod som landsmennene våre, og våre born er som deira. Likevel må vi selja sønene og døtrene våre til trælar. Ja, nokre av døtrene våre har alt vorte vanæra. Og vi kan ikkje hindra det, fordi markene og vingardane våre høyrer andre til.»
6 Då eg høyrde klagemåla deira og det dei fortalde, vart eg brennande harm.
7 Etter at eg hadde tenkt over dette, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: «De legg bører på landsmennene dykkar!» Så lyste eg til eit stort folkemøte mot dei