11 Lat dei i denne dag få att markene, vingardane, olivenhagane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar av pengar, korn, druesaft og olje som de har lånt dei.»
12 Dei svara: «Ja, vi skal gje det att og ikkje krevja noko av dei. Vi skal gjera som du seier.» Då kalla eg fram prestane, og med dei til stades lét eg hine sverja på at dei skulle halda lovnaden sin.
13 Eg riste jamvel brystlomma på kappa mi tom og sa: «Så skal det gå kvar mann som ikkje held denne lovnaden: Gud skal rista han ut or huset og eigedomen hans; så rist og tømd skal han verta.» Heile lyden sa: «Amen!» og dei prisa Herren. Sidan gjorde folket som dei hadde sagt.
14 Frå den dagen kong Artaxerxes sette meg til statthaldar i Judea, i dei tolv åra frå det tjuande til det trettiandre styringsåret hans, gjorde korkje eg eller frendane mine krav på det underhaldet som ein statthaldar har rett til.
15 Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt tunge bører på folket. Fyrst tok dei brød og vin frå dei og sidan førti sekel sølv. Jamvel mennene deira var harde med folket. Men det var ikkje eg; for eg hadde age for Gud.
16 Men eg var med og arbeidde på denne muren, endå eg ikkje åtte jord. Og alle mennene mine var samla til arbeidet der.
17 Hundre og femti mann av jødane og forstandarane åt ved mitt bord, forutan dei som kom til oss frå grannelanda våre.