15 Dei som var statthaldarar før meg, hadde lagt tunge bører på folket. Fyrst tok dei brød og vin frå dei og sidan førti sekel sølv. Jamvel mennene deira var harde med folket. Men det var ikkje eg; for eg hadde age for Gud.
16 Men eg var med og arbeidde på denne muren, endå eg ikkje åtte jord. Og alle mennene mine var samla til arbeidet der.
17 Hundre og femti mann av jødane og forstandarane åt ved mitt bord, forutan dei som kom til oss frå grannelanda våre.
18 Kvar dag gjekk det med ein okse, seks utvalde sauer og nokre fuglar, og kvar tiande dag ei nøgd med vin av alle slag. Alt dette kosta eg. Likevel gjorde eg ikkje krav på det underhald som statthaldaren har rett til. For arbeidet kvilte tungt på folket mitt.
19 Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg til godes alt det eg har gjort for dette folket!