5 Vi er då av same kjøt og blod som landsmennene våre, og våre born er som deira. Likevel må vi selja sønene og døtrene våre til trælar. Ja, nokre av døtrene våre har alt vorte vanæra. Og vi kan ikkje hindra det, fordi markene og vingardane våre høyrer andre til.»
6 Då eg høyrde klagemåla deira og det dei fortalde, vart eg brennande harm.
7 Etter at eg hadde tenkt over dette, tala eg stormennene og forstandarane til rettes og sa til dei: «De legg bører på landsmennene dykkar!» Så lyste eg til eit stort folkemøte mot dei
8 og sa: «Vi har, så langt vi kunne, kjøpt ut brørne våre, jødane, som var selde til andre folk. Men de sel landsmennene dykkar, så vi må kjøpa dei fri att.» Då tagde dei og visste ikkje kva dei skulle svara.
9 Så sa eg: «Det er ikkje rett det de gjer. Burde de ikkje heller ferdast i age for vår Gud, så dei andre folka, fiendane våre, ikkje skal få grunn til å spotta oss?
10 Eg og brørne mine og mennene mine har òg lånt dei pengar og korn. Lat oss stryka den skulda!
11 Lat dei i denne dag få att markene, vingardane, olivenhagane og husa sine, og ettergjev dei det dei skuldar av pengar, korn, druesaft og olje som de har lånt dei.»