1 samla dei seg alle som ein på torget framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel.
2 Og presten Esra bar fram lova for lyden, både for menn og kvinner og alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den fyrste dagen i den sjuande månaden.
3 Han stod på torget framfor Vassporten frå tidleg om morgonen til midt på dagen og las opp or lova for mennene og kvinnene og alle som kunne skjøna det. Og heile folket lydde vel etter det som stod i lovboka.
4 Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre, som dei hadde laga til det. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Ma’aseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam.
5 Esra slo opp boka så heile folket såg det; for han stod høgare enn dei andre. Med det same han opna henne, reiste alt folket seg.
6 Esra lova Herren, den store Gud, og folket lyfte hendene og sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei kne og kasta seg ned for Herren med andletet mot jorda.