9 Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som lærte folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er helga til Herren dykkar Gud. Syrg ikkje og gråt ikkje!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova.
10 Så sa Esra til dei: «Gå no heim, et feite retter og drikk søt vin! Send òg noko av det til dei som ingen dukar bord for. For denne dagen er helga til vår Herre. Ver ikkje sorgfulle! For gleda i Herren er dykkar styrke.»
11 Levittane roa folket. «Ver stille,» sa dei, «og syrg ikkje, for dette er ein heilag dag.»
12 Så gjekk alt folket bort. Dei åt og drakk, sende gåver og heldt ei stor gledehøgtid. For dei hadde skjøna det som vart sagt dei.
13 Dagen etter kom ættehovdingane i heile folket og prestane og levittane saman hjå Esra, den skriftlærde. Dei ville granska nøgnare det som stod i lova.
14 Då fann dei skrive i lova som Herren hadde gjeve Moses, at israelittane skulle bu i lauvhytter på høgtida i den sjuande månaden.
15 Dei skulle ropa ut og gjera kjent i alle byane sine og i Jerusalem: «Gå opp i fjellet og henta lauv av edle og ville oliventre, av myrt og palme og andre lauvrike tre, og lag hytter, som skrive står!»