11 Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.
12 Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.
13 Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.
14 Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat;og gjennom Moses, tenaren din,gav du dei bod ¬og føresegner og lover.
15 Du gav dei brød frå himmelennår dei var svoltne,og lét vatn strøyma fram ¬frå bergetnår dei var tyrste.Du baud dei dra inn og ta i eigedet landet ¬som du med opplyft handhadde lova at du ville gje dei.
16 Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk,dei høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hugdei under du hadde gjort ¬for dei.Stridlyndte var dei ¬og sette seg føreå fara attende ¬til trældomen i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn,og du gjekk ikkje ifrå dei.