16 Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk,dei høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hugdei under du hadde gjort ¬for dei.Stridlyndte var dei ¬og sette seg føreå fara attende ¬til trældomen i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn,og du gjekk ikkje ifrå dei.
18 Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er guden din,han som førte deg opp ¬frå Egypt.»Og dei spotta deg grovt.
19 Men du var like mildog gjekk ikkje frå dei ¬i øydemarka.Skystøtta veik ikkje frå dei ¬om dagen,men leidde dei på vegen;og eldstøtta veik ikkje frå dei ¬om natta,men lyste opp vegen ¬dei skulle gå.
20 Du rettleidde dei ¬med din gode Ande,du gav dei manna til matog lét dei få vatn ¬når dei var tyrste.
21 Du sytte for dei i førti år,i øydemarka sakna dei ¬ingen ting.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene deira hovna ikkje.
22 Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få til grenseland.Dei la under seg landet ¬åt Sihon,kongen i Hesjbon,og landet åt Og, kongen i Basan.