20 Du rettleidde dei ¬med din gode Ande,du gav dei manna til matog lét dei få vatn ¬når dei var tyrste.
21 Du sytte for dei i førti år,i øydemarka sakna dei ¬ingen ting.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene deira hovna ikkje.
22 Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få til grenseland.Dei la under seg landet ¬åt Sihon,kongen i Hesjbon,og landet åt Og, kongen i Basan.
23 Du gjorde deira etterkomarartalrike som stjernene ¬på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde lova deira fedrarat dei skulle koma og ta i eige.
24 Så kom då etterkomarane deiraog la under seg landet.Kanaanearane som budde der,tvinga du i kne for dei.Kongane og folka i landetgav du i deira vald,så dei kunne gjera med dei ¬som dei ville.
25 Dei tok festningsbyar ¬og grøderik jordog eigna til seg hussom var fulle av gode ting,uthogne brunnar og vingardar,oliventre og frukttre i mengd.Dei åt og vart gode og mette,og levde høgt på dine ¬rike gåver.
26 Men så vart dei trassigeog sette seg opp mot deg;dei vende ryggen til di lov.Dei drap profetane dine,som åtvara deiog ville føra dei attende til deg.Og dei spotta deg grovt.