21 Du sytte for dei i førti år,i øydemarka sakna dei ¬ingen ting.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene deira hovna ikkje.
22 Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få til grenseland.Dei la under seg landet ¬åt Sihon,kongen i Hesjbon,og landet åt Og, kongen i Basan.
23 Du gjorde deira etterkomarartalrike som stjernene ¬på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde lova deira fedrarat dei skulle koma og ta i eige.
24 Så kom då etterkomarane deiraog la under seg landet.Kanaanearane som budde der,tvinga du i kne for dei.Kongane og folka i landetgav du i deira vald,så dei kunne gjera med dei ¬som dei ville.
25 Dei tok festningsbyar ¬og grøderik jordog eigna til seg hussom var fulle av gode ting,uthogne brunnar og vingardar,oliventre og frukttre i mengd.Dei åt og vart gode og mette,og levde høgt på dine ¬rike gåver.
26 Men så vart dei trassigeog sette seg opp mot deg;dei vende ryggen til di lov.Dei drap profetane dine,som åtvara deiog ville føra dei attende til deg.Og dei spotta deg grovt.
27 Då gav du dei over til fiendar,som var harde med dei.Men i si naud og trengsleropa dei til deg,og du høyrde dei frå himmelen.I di store miskunnsende du dei bergingsmenn,som frelste dei ¬frå fiendane deira.