31 Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du sleppte dei ikkje.For du er ein mild ¬og nådig Gud.
32 Og no, vår Gud,du store, ¬mektige og agelege Gud,du som held di paktog lèt di miskunn vara ved,rekna det ikkje for smått,alt det vonde som har råka ossfrå den tid ¬assyrarkongane rådde,og til denne dag,råka våre kongar og hovdingar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket.
33 Du var rettferdigi alt det som hende oss.For du var trufastom vi fór gudlaust fram.
34 Våre kongar og hovdingar,våre prestar og våre fedrarheldt seg ikkje etter di lov;dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringar du gav dei.
35 Endå dei fekk bu i sitt eige rike,og du hadde unnt dei ¬så mykje godti det vide og grøderike landetsom du hadde gjeve dei,så tente dei deg ikkjeog vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd.
36 Difor er vi trælar i dag;vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar,så dei skulle nyta ¬landsens frukterog alt det gode som finst der.
37 Den rike grøda i landetgår no til dei konganesom du har sett over ossfor våre synder skuld.Dei råder etter eige tykkeover oss og feet vårt.Vi er i stor naud.