33 Du var rettferdigi alt det som hende oss.For du var trufastom vi fór gudlaust fram.
34 Våre kongar og hovdingar,våre prestar og våre fedrarheldt seg ikkje etter di lov;dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringar du gav dei.
35 Endå dei fekk bu i sitt eige rike,og du hadde unnt dei ¬så mykje godti det vide og grøderike landetsom du hadde gjeve dei,så tente dei deg ikkjeog vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd.
36 Difor er vi trælar i dag;vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar,så dei skulle nyta ¬landsens frukterog alt det gode som finst der.
37 Den rike grøda i landetgår no til dei konganesom du har sett over ossfor våre synder skuld.Dei råder etter eige tykkeover oss og feet vårt.Vi er i stor naud.
38 Etter alt dette gjer vi ein bindande avtale og skriv han opp. Vi set segl på skrivet, og stormennene, levittane og prestane våre skriv under.