5 Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petakja:Reis dykk ¬og lova Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Ja, lova vere ditt herlege namn,som er opphøgt ¬over all lovprising.
6 Einast du er Herren.Du har skapt himmelen,den høge himmel ¬og heile hans hær,jorda og alt som er på den,havet og alt som er i det.Du held liv i alle ting,og himmelhæren tilbed deg.
7 Det var du, Herre Gud,som valde ut Abram,henta han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.
8 Du såg at han var trufast ¬mot deg.Difor gjorde du pakt med hanog lova at du ville gje hans ættlandet åt kanaanearane,hetittane, amorittane, ¬perisittane,jebusittane og girgasjittane.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.
9 Du såg kor mykje vondtvåre fedrar leid i Egypt,du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen.
10 Du gjorde teikn og under ¬med farao,med mennene hans ¬og alt folket i landet.For du visste kor hardedei hadde vore med våre fedrar.Då vann du deg eit namn,som du har den dag i dag.
11 Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.