8 Du såg at han var trufast ¬mot deg.Difor gjorde du pakt med hanog lova at du ville gje hans ættlandet åt kanaanearane,hetittane, amorittane, ¬perisittane,jebusittane og girgasjittane.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.
9 Du såg kor mykje vondtvåre fedrar leid i Egypt,du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen.
10 Du gjorde teikn og under ¬med farao,med mennene hans ¬og alt folket i landet.For du visste kor hardedei hadde vore med våre fedrar.Då vann du deg eit namn,som du har den dag i dag.
11 Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.
12 Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.
13 Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.
14 Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat;og gjennom Moses, tenaren din,gav du dei bod ¬og føresegner og lover.