1 Einsam sit ho,den folkerike byen.Ho har vorte enkje,den store mellom folka.Dronninga mellom landahar vorte slave.Bet ב
2 Ho græt om natta,kinnet er vått av tårer.Ingen av elskaranetrøystar henne.Venene har svike,dei har vorte fiendar.Gimel ג
3 Juda drog i eksiletter naud og slaveri.Ho bur mellom folka,finn ikkje kvile.Dei som jaga, tok henne attder det var trongast.Dalet ד
4 Vegane til Sion sørgjer,ingen kjem til festane.Byportane ligg aude,prestane sukkar.Ungjentene klagar,sjølv har ho bitter sorg.He ה