Klagesongane 3 N11NN

Tredje song

1 Eg er ein mann som har opplevd naudunder staven han brukte i sinne.

2 Han har ført meg og late meg gåi mørker og ikkje i lys.

3 Han har vendt handa mot meggong på gong, utan stans.Bet ב

4 Han har knust knoklane mine,late kjøt og hud tærast bort.

5 Han har bygd ein mur mot meg,kringsett meg med gift og motgang.

6 På mørke stader lèt han meg bulik dei som døydde for lenge sidan.Gimel ג

7 Han har mura meg inne, eg kjem ikkje ut,han har gjort lenkjene tunge.

8 Sjølv når eg skrik og ropar om hjelp,stengjer han bøna mi ute.

9 Han har sperra vegen med steinblokker,gjort stigane mine krokete.Dalet ד

10 Ein bjørn som ligg på lur,ei løve i bakhald er han mot meg.

11 Han har ført meg på villspor,rive meg sund og øydelagt meg.

12 Han har spent bogenog stilt meg opp som mål for pila.He ה

13 Inn i nyrenehar han skote sine piler.

14 Eg har vorte til latter for alt mitt folk,dei syng om meg heile dagen.

15 Med beiske urter har han metta meg,han har sløkt tørsten min med malurt.Waw ו

16 Han har knust tennene mine med grus,trakka meg ned i støvet.

17 Du har teke freden frå meg,eg har gløymt kva det gode er.

18 Eg sa: Mi ære har gått tapt,eg har inga von til Herren.Zajin ז

19 Tenk på mi naud og heimløyse.Dei er malurt og gift.

20 Eg tenkjer på det heile tida,mi sjel er nedtrykt.

21 Men éin ting legg eg meg på hjartet,og dette gjev meg von:Het ח

22 Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.Hans miskunn tek ikkje slutt,

23 ho er ny kvar morgon.Din truskap er stor.

24 Eg seier: Herren er min del,eg set mi von til han.Tet ט

25 Herren er god mot deisom ventar på han og søkjer han.

26 Det er godt å vera stilleog venta på hjelp frå Herren.

27 Det er godt for ein mannå bera åk medan han er ung.Jod י

28 Når det blir lagt på han,skal han sitja einsam og teia,

29 leggja munnen i støvet,kanskje er det von.

30 Han skal snu kinnet til den som slår,og mettast med spott.Kaf כ

31 Herren støyter ingen bortfor alle tider.

32 Har han late nokon lida,skal han visa miskunn, rik på kjærleik.

33 Det er ikkje med lett hjartehan plagar mennesket og lèt det lida.Lamed ל

34 Dei kan trakka påalle fangar i landet.

35 Dei kan krenkja retten til ein mannfor auga på Den høgste.

36 Dei kan fordreia saka til eit menneske,men Herren har sett det.Mem מ

37 Kven kan tala så det henderom ikkje Herren har bode det?

38 Kjem ikkje både vondt og godtfrå Den høgstes munn?

39 Kvifor klagar den som lever?Kvifor klagar ein mann over si synd?Nun נ

40 Lat oss ransaka og prøva våre vegarog venda om til Herren!

41 Lat oss lyfta hjarte og hendertil Gud i himmelen!

42 Vi har gjort opprør og vore trassige,og du tilgav ikkje.Samek ס

43 Du dekte deg med vreide og jaga oss,du drap, du sparte ingen.

44 Du dekte deg med skyer,inga bøn rakk fram.

45 Du gjorde oss til skrap og skrotmellom folka.Pe פ

46 Alle fiendane våregapar mot oss.

47 Det vart gru og grav,krasing og knusing.

48 Tårer strøymer frå auget,folket, mi dotter, er knust.Ajin ע

49 Auget fløymer over utan stans,det tek ikkje slutt

50 før Herren vender blikketog ser ned frå himmelen.

51 Det gjer vondt å sjåkvinnene i byen min.Tsade צ

52 Utan grunn har mine fiendarjaga meg som ein fugl.

53 Dei dreiv meg ned i brønnenog kasta stein over meg.

54 Vatnet stig over hovudet mitt,eg seier: Det er ute med meg.Qof ק

55 Eg kallar på ditt namn, Herre,frå botnen av brønnen.

56 Du har høyrt meg,lukk ikkje øyret når eg ropar om lindring!

57 Du kom den dagen eg ropa,du sa: Ver ikkje redd!Resj ר

58 Du har ført saka mi, Herre,du har løyst ut livet mitt.

59 Du har sett kva urett eg lid, Herre, hjelp meg til min rett!

60 Du har sett hemnlysta deira,kva for planar dei har med meg.Sjin ש

61 Du har høyrt spotten deira, Herre,kva for planar dei har mot meg.

62 Uvenene mine tiskar og kviskrarom meg dagen lang.

63 Sjå dei der dei sit og står,dei syng nidviser om meg.Taw ת

64 Herre, lat dei få som fortentfor det dei har gjort.

65 Lyft di forbanning over hjartet deirasom eit skjold.

66 Jag dei i vreide og rydd dei utunder Herrens himmel.

Kapitler

1 2 3 4 5