Klagesongane 4 N11NN

Fjerde song

1 Gullet har mista sin glans,det fine gullet er forandra!Dei heilage steinane ligg strøddepå alle gatehjørne.Bet ב

2 Sions utvalde søner,verde si vekt i gull,blir rekna som leirkar,eit verk av pottemakarhand!Gimel ג

3 Jamvel sjakalar held spenane fram,dei lèt ungane suga.Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaustsom strutsen i ørkenen.Dalet ד

4 Spedborna er tørste,tunga klistrar seg til ganen.Småborna tiggar om brød,men ingen gjev dei ein bit.He ה

5 Dei som åt lekre retter,fell om i gatene.Dei som vart fostra opp i skarlak,kastar seg over dungane.Waw ו

6 Skulda til folket, mi dotter,er større enn synda i Sodoma,som brått vart øydelagdutan at nokon hadde rørt henne.Zajin ז

7 Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø,meir skinande enn mjølk.Kroppen deira var raudare enn korallar,lemene var av safir.Het ח

8 Dei har vorte svartare enn sot,ein kjenner dei ikkje att på gata.Huda strammar seg om knoklane,ho har vorte tørr som ved.Tet ט

9 Betre var det å falla for sverdenn å falla for svolt,tærast bort og drepastav åkrar utan grøde.Jod י

10 Kjærlege kvinnerkoker borna sine,dei har vorte maten deira.Folket, mi dotter, er knust.Kaf כ

11 Herren har aust av sin harme,tømt ut sin brennande vreide.Han har sett fyr på Sion,grunnvollane øydest i eld.Lamed ל

12 Ingen konge på jorda,ingen i heile verda truddeat ein motstandar eller fiendekunne koma inn gjennom Jerusalems portar.Mem מ

13 Det hende fordi profetane syndaog prestane førte skuld over seg.Dei lét blodet av rettferdigerenna i byen.Nun נ

14 Blinde flakkar dei om i gatene,tilsølte med blod,ingen kan rørakleda deira.Samek ס

15 «Av vegen! Urein!» ropar folk til dei.«Av vegen! Ikkje rør!»Dei rømmer og vildrar omkring.Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.»Pe פ

16 Herren sjølv har spreidd dei,han vil ikkje sjå dei lenger.Dei vørde ikkje prestaneog var ikkje nådige mot dei gamle.Ajin ע

17 Vi held ut, auga blir såre,vi ser fåfengt etter hjelp.Vi har stått på vakt og speidaetter eit folk som ikkje kunne hjelpa.Tsade צ

18 Dei vakta kvart steg vi tok,vi kunne ikkje gå på gatene våre.Enden var nær, vår tid var ute,ja, enden var komen.Qof ק

19 Dei som jaga oss, var snarareenn ørnane under himmelen.Over fjella forfølgde dei oss,i ørkenen låg dei og lurte på oss.Resj ר

20 Herrens salva, vår pust,vart fanga i gravene deira.Det var om han vi sa:«I hans skugge skal vi leva mellom folka.»Sjin ש

21 Fryd og gled deg, dotter Edom,du som bur i landet Us.Men begeret kjem til deg òg,du skal bli full og kle deg naken.Taw ת

22 Di skuld er betalt, dotter Sion,aldri meir vil han føra deg bort.Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for,dine synder viser han fram.

Kapitler

1 2 3 4 5