1 Herre, tenk på det som har hendt oss,sjå hit, sjå kor dei spottar oss!
2 Eigedomen vår har gått til framande,husa våre til utlendingar.
3 Vi er farlause,mødrene våre har vorte enkjer.
4 Vi må kjøpa vatnet vi drikk,veden må vi betala for.
5 Vi har forfølgjarane på nakken,vi er trøytte og får ikkje kvila.
6 Vi har rett ut handa til Egyptog til Assur for å få brød.
7 Fedrane våre synda; dei er borte,vi har bore straffa.
8 Slavar har vorte herrane våre,ingen riv oss ut av hendene deira.
9 Vi hentar brød med fare for livet,i ørkenen trugar sverdet.
10 Huda vår er heit som ein omnav svolten som brenn.
11 Dei valdtek kvinnene i Sionog jomfruene i Judas byar.
12 Dei hengjer stormenn,ærar ikkje dei eldste.
13 Unge menn lyt slita med kverna,gutar sig under vedbøra.
14 Dei gamle sit ikkje lenger i porten,dei unge har slutta å syngja.
15 Vi har ikkje lenger glede i hjartet,dansen er omsnudd til sorg.
16 Kransen har falle av hovudet.Ve oss, vi har synda!
17 Hjartet har vorte sjukt,auga har vorte dimme.
18 For Sion-fjellet ligg audt,revar streifar omkring der.
19 Du, Herre, tronar til evig tid,din kongsstol står frå slekt til slekt.
20 Kvifor har du gløymt oss for alltid,gått frå oss for alle tider?
21 Herre, før oss tilbake til deg, så vi kan venda attende.Gjer dagane våre nye, slik dei var før!
22 Men du har vraka oss,du er rasande.