11 Alt folket hennar stønnarmedan dei leitar etter brød.Dei byter skattar mot matfor å berga livet.Sjå, Herre, sjå hit!Eg er forakta.Lamed ל
12 Sjå hit,de som går forbi på vegen.Finst det ei smerte som mi,den som har råka meg?Den lèt Herren meg lidapå sin brennande vreidedag.Mem מ
13 Han sende eld frå det høge,lét han herja i knoklane mine.Han sette ut nett for føteneog lét meg vika tilbake.Han har gjort meg til ei øydemark,heile tida er eg sjuk.Nun נ
14 Med handa knytte han syndene mine i hop,dei vart bundne saman til eit åk.Dei låg over nakken på meg,og kreftene svikta.Herren gav meg i hendenepå folk eg ikkje kunne stå meg imot.Samek ס
15 Herren vrakaalle mine krigarar.Han ropa ut for meg ei høgtiddå mine unge menn skulle knusast.I vinpressa trakka Herren nedjomfrua, dotter Juda.Ajin ע
16 Difor græt eg,tårene strøymer frå auga.Den som kan trøysta og berga mitt liv,er langt borte frå meg.Borna mine ligg forlatne,fienden var for sterk.Pe פ
17 Sion rette ut hendene,ingen trøysta henne. Herren gav påbod om Jakob,fienden omringa han.Då vart Jerusalemurein for dei.Tsade צ