15 Alle som går forbi deg,slår hendene saman,dei plystrar og rister på hovudetav dotter Jerusalem.Var det om denne byen folk sa:Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?Pe פ
16 Alle fiendargapar mot deg.Dei plystrar hånleg og skjer tenner.Dei seier: Vi har slukt henne.Dette er dagen vi venta på;endeleg fekk vi sjå han!Ajin ע
17 Herren har gjort som han tenkte,han har oppfylt ordet sitt,det han har kunngjort frå gammal tid.Han reiv ned utan skånsel,lét din motstandar gleda segog lyfte hornet til fienden.Tsade צ
18 Hjartet ropar til Herren.Lat tårene renna som bekker,du mur rundt dotter Sion,både dag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auget få ro!Qof ק
19 Stå opp, rop høgt om natta,rop ved kvar nattevakt.Aus hjartet ditt ut som vatnfor Herrens andlet.Lyft hendene til hanfor livet til småborna dine,som forgår av svoltpå alle gatehjørne.Resj ר
20 Sjå, Herre,sjå kven du har gjort dette med!Skal kvinner eta borna sine,småborna dei ber på armen?Skal prest og profet bli drepnei Herrens heilagdom?Sjin ש
21 Unge og gamle liggpå bakken ute i gatene.Mine unge jenter og gutarhar falle for sverd.Du drap dei på din vreidedag,du slakta utan skånsel.Taw ת