19 Stå opp, rop høgt om natta,rop ved kvar nattevakt.Aus hjartet ditt ut som vatnfor Herrens andlet.Lyft hendene til hanfor livet til småborna dine,som forgår av svoltpå alle gatehjørne.Resj ר
20 Sjå, Herre,sjå kven du har gjort dette med!Skal kvinner eta borna sine,småborna dei ber på armen?Skal prest og profet bli drepnei Herrens heilagdom?Sjin ש
21 Unge og gamle liggpå bakken ute i gatene.Mine unge jenter og gutarhar falle for sverd.Du drap dei på din vreidedag,du slakta utan skånsel.Taw ת
22 Slik du samlar folket ein høgtidsdag,kalla du saman redsler frå alle kantar.Ingen slapp unna, ingen overlevdepå Herrens vreidedag.Dei eg hadde bore og fostra,gjorde fienden ende på.