3 I brennande vreide hogg han avkvart horn i Israel.Han heldt høgre handa tilbakedå fienden kom.I Jakob brann han som ein flammande eldsom øydde alt omkring seg.Dalet ד
4 Som fienden spente han bogen,stod klar med si høgre hand,som motstandaren drap hanalt som gav auget glede.Han auste harme ut som eldover teltet til dotter Sion.He ה
5 Herren vart ein fiende.Han slukte Israel,slukte alle borgene,gjorde ende på festninganeog dunga dotter Juda nedmed sorg og sut.Waw ו
6 Han raserte si hyttesom ein snøyer ein hage,gjorde ende på høgtidsstaden. Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.I harme og vreide har hanforakta konge og prest.Zajin ז
7 Herren støytte sitt altar bort,vraka sin heilagdom.Borgmurane i byengav han i fiendens hender.Dei ropa høgt i Herrens hussom på ein høgtidsdag.Het ח
8 Herren sette seg føreå øydeleggja muren rundt dotter Sion.Han strekte målesnora og reiv ned,lét ikkje handa liggja.Slik lét han voll og mur sørgja.Begge fall.Tet ט
9 Portane har sokke i jorda.Bommane har han brote sund.Konge og stormenn er i framandt land.Det finst inga lov,sjølv ikkje profetanefår syn frå Herren.Jod י