6 Han raserte si hyttesom ein snøyer ein hage,gjorde ende på høgtidsstaden. Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.I harme og vreide har hanforakta konge og prest.Zajin ז
7 Herren støytte sitt altar bort,vraka sin heilagdom.Borgmurane i byengav han i fiendens hender.Dei ropa høgt i Herrens hussom på ein høgtidsdag.Het ח
8 Herren sette seg føreå øydeleggja muren rundt dotter Sion.Han strekte målesnora og reiv ned,lét ikkje handa liggja.Slik lét han voll og mur sørgja.Begge fall.Tet ט
9 Portane har sokke i jorda.Bommane har han brote sund.Konge og stormenn er i framandt land.Det finst inga lov,sjølv ikkje profetanefår syn frå Herren.Jod י
10 Dei eldste i Sionsit tause på jorda.Dei har kasta støv på hovudet,kledd seg i sekkestrie.Jentene i Jerusalembøyer hovudet mot jorda.Kaf כ
11 Auga er såre av gråt,magen er uroleg,gallen er helt ut på jorda.Folket, mi dotter, er knust,småborn og spedborn forgårpå gatene i byen.Lamed ל
12 Dei spør mødrene sine:«Kvar er brød og vin?»Dei sig om som var dei sårapå gatene i byen,livet ebbar utpå mors fang.Mem מ