9 Portane har sokke i jorda.Bommane har han brote sund.Konge og stormenn er i framandt land.Det finst inga lov,sjølv ikkje profetanefår syn frå Herren.Jod י
10 Dei eldste i Sionsit tause på jorda.Dei har kasta støv på hovudet,kledd seg i sekkestrie.Jentene i Jerusalembøyer hovudet mot jorda.Kaf כ
11 Auga er såre av gråt,magen er uroleg,gallen er helt ut på jorda.Folket, mi dotter, er knust,småborn og spedborn forgårpå gatene i byen.Lamed ל
12 Dei spør mødrene sine:«Kvar er brød og vin?»Dei sig om som var dei sårapå gatene i byen,livet ebbar utpå mors fang.Mem מ
13 Kva skal eg seia til deg,kva liknar du, dotter Jerusalem?Kva skal eg likna deg med, dotter Sion,for å trøysta deg, unge jente?Skaden din er stor som havet,kven kan lækja deg?Nun נ
14 Det profetane dine såg,var berre løgn og blendverk.Dei viste deg ikkje di skuld,vende ikkje din lagnad.Bodskapen deira kom fråfalske, forførande syn.Samek ס
15 Alle som går forbi deg,slår hendene saman,dei plystrar og rister på hovudetav dotter Jerusalem.Var det om denne byen folk sa:Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?Pe פ