3 Vi er farlause,mødrene våre har vorte enkjer.
4 Vi må kjøpa vatnet vi drikk,veden må vi betala for.
5 Vi har forfølgjarane på nakken,vi er trøytte og får ikkje kvila.
6 Vi har rett ut handa til Egyptog til Assur for å få brød.
7 Fedrane våre synda; dei er borte,vi har bore straffa.
8 Slavar har vorte herrane våre,ingen riv oss ut av hendene deira.
9 Vi hentar brød med fare for livet,i ørkenen trugar sverdet.