6 så han skjønar ordtak og bilettale,ord av vismenn og gåtene deira.
7 Å frykta Herren er opphav til kunnskap,dei dumme foraktar formaning og visdom.
8 Høyr etter, son min, når far din formanar,forkast ikkje rettleiing frå mor di!
9 For det er ein vakker krans om hovudet,ei kjede som pryder halsen din.
10 Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,
11 om dei seier: «Kom med oss!Vi vil liggja på lur etter blod,setja feller for skuldlause utan grunn.
12 Som dødsriket vil vi sluka dei levandeog heile, lik dei som går i grav.