Ordtaka 31 N11NN

Sjette samlinga

Den gode kongen

1 Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.

2 Min son,du son som eg bar,min lovnads-son:

3 Gjev ikkje di kraft til kvinner,ditt liv til det som øydelegg kongar.

4 Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,det sømer seg ikkje for kongar å drikka vineller for fyrstar å trå etter sterk drikk.

5 Då vil dei drikka og gløyma lovbodaog fordreia retten for alle undertrykte.

6 Men gjev sterk drikk til den som går til grunne,og vin til den som er bitter til sinns.

7 Lat han drikka og gløyma sin fattigdomså han ikkje meir hugsar si naud.

8 Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala,før saka for dei som held på å bukka under.

9 Lat opp din munn og døm rettferdig,lat hjelpelause og fattige få sin rett!Alef א

Den gode kona

10 Ei dugande kone, kven finn vel henne?Langt meir enn perler er ho verd. Bet ב

11 Mannen lit på henne i sitt hjarte,og vinning manglar han ikkje. Gimel ג

12 Ho gjer berre godt mot han,ikkje noko vondt så lenge ho lever. Dalet ד

13 Ho skaffar seg ull og lin,hendene arbeider med liv og lyst. He ה

14 Ho er som handelsskipa,ho skaffar mat langt bortanfrå. Waw ו

15 Før det lysnar av dag, er ho oppe,gjev huslyden matog set tenestejentene i arbeid. Zajin ז

16 Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det;for det ho har tent, plantar ho ei vinmark. Het ח

17 Styrke er beltet ho har om livet,ho tek i med sterke armar. Tet ט

18 Ho merkar at forretningane går godt,lampa hennar sloknar ikkje om natta. Jod י

19 Ho legg hendene på rokken,og fingrane grip om teinen. Kaf כ

20 Ho opnar handa for den som lid naud,retter hendene ut til den fattige. Lamed ל

21 Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine,for alle i huset har ekstra klede. Mem מ

22 Ho lagar sine eigne teppe,ho har klede av lin og purpur. Nun נ

23 Mannen hennar er akta i byporten,der han sit med dei eldste i landet. Samek ס

24 Ho lagar linklede som ho sel,og sender belte til kjøpmannen. Ajin ע

25 Styrke og vørdnad er hennar klednad,ho ler mot komande dagar. Pe פ

26 Ho opnar munnen med visdom,kjærleg rettleiing har ho på tunga. Tsade צ

27 Ho ser etter korleis det går i huset,og et ikkje latskaps brød. Qof ק

28 Borna stig fram og prisar henne lukkeleg,mannen gjev henne ros: Resj ר

29 «Mange kvinner har vist at dei er dugande,men du overgår dei alle.» Sjin ש

30 Ynde sviktar, og venleik forgår,men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros. Taw ת

31 Pris henne for frukta av arbeidet hennar,gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31