Ordtaka 11 N11NN

1 Herren avskyr falsk vekt,men han gler seg over fullvektig lodd.

2 Kjem hovmod, kjem skam,med dei audmjuke følgjer visdom.

3 Rettsinn leier dei ærlege,uærlegdom gjer ende på svikarane.

4 Rikdom er til inga nytte på vreidedagen,men rettferd bergar frå døden.

5 Rettferd jamnar vegen for den som er heil,den urettferdige fell for sin eigen urett.

6 Rettferd bergar dei rettskafne,svikarar blir fanga av si eiga lyst.

7 Når den urettferdige døyr, er håpet ute,hans kraft gjev ikkje lenger von.

8 Den rettferdige blir berga or naud,den urettferdige blir råka i staden.

9 Den gudlause bryt ned sin neste med tunga,dei rettferdige bergar seg ved sin forstand.

10 Går det godt for dei rettferdige, jublar byen,går dei urettferdige til grunne, lyder glederop.

11 Ved velsigning frå rettskafne blir byen bygd,tunga til urettferdige legg han i røys.

12 Den vitlause viser forakt for sin neste,den forstandige teier stilt.

13 Den som baktalar, spreier løyndomar,ein påliteleg held saka skjult.

14 Utan leiarar vil folket falla.Redninga ligg i å ha mange rådgjevarar.

15 Ille går det den som kausjonerer for ein framand,den som nektar å gje handslag, er trygg.

16 Ei elskeleg kvinne vinn ære,dei flittige vinn rikdom.

17 Den som er godhjarta, har gagn av det,den hjartelause skader seg sjølv.

18 Den urettferdige vinn seg ei sviktande løn,men den som sår rettferd, ei løn som varer.

19 Rettferd fører til liv,den som jagar etter vondskap, må døy.

20 Herren avskyr eit falskt hjarte,han gler seg over dei som er heile i si ferd.

21 Når tida er inne, blir den vonde straffa,men ætta til dei rettferdige går fri.

22 Ei vakker kvinne utan viter som ein gullring i eit grisetryne.

23 Dei rettferdige lengtar berre etter det gode,dei urettferdige har vreide i vente.

24 Éin strør ut og får likevel meir,ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.

25 Den gåvmilde får gode dagar,den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.

26 Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket;velsigning får den som vil selja.

27 Den som legg vinn på det gode, søkjer det som er til glede.Den som strevar etter det vonde, får det over seg sjølv.

28 Den som lit på sin rikdom, fell,dei rettferdige veks fram som lauvet.

29 Den som ikkje steller sitt hus, haustar vind,den dumme blir slave for den som er vis.

30 Den rettferdiges frukt er eit livsens tre,men valdsferd tek liv.

31 Når den rettferdige får si løn på jorda,kor mykje meir då ein urettferdig og ein syndar!

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31